Gassanlegg i bustadsameige

 

 

 

 

 

 

Som styremedlem eller leigetakar i eit bustadsameige har du ansvar for at gassanlegget vert nytta på lovleg og sikker måte. Manglande vedlikehald og feil bruk kan føre til alvorlege ulukker.

Stadig fleire leilegheitskompleks brukar gass til oppvarming, matlaging osb. Nokre er tilknytt gassanlegg med fast røyrnett og tank, andre har gassflasker i den einskilde leilegheit. Uansett er det styret og den enkelte bebuar som må syte for at utstyret er i orden og at gassen vert nytta på ein sikker måte.

Styret sitt ansvar

Styret har ansvar for å melde inn gassanlegget til DSB før det vert teke i bruk. Dette vert gjort via Altinn. Dersom det er eit gassanlegg som forsyner fleire bustadsameiger, kan innmeldinga av praktiske årsaker gjerast av gasselskapet.

 

Styret skal mellom anna kunne legge fram:

  • dokumentasjon frå gasselskapet som viser at gassanlegget er konstruert, bygd, vedlikehalde og kontrollert i samsvar med regelverket
  • dokumentasjon av at anlegget vet drifta, halde ved like og kontrollert på ein sikker måte
  • situasjonsplan som gir en oversikt over plassering av tank, røyr med meir
  • risikoanalyse på anlegget som er oppdatert ved eventuelle endringar
  • beredskapsplan der også ulukker med gass er teke med
  • avtale med uavhengig kontrollør (teknisk kontrollorgan eller akkreditert inspeksjonsorgan) om systematisk tilstandskontroll av gassanlegget

Bebuarane sitt ansvar

Bebuarane har ansvar for at anlegget i den einskilde leilegheit vert kontrollert og halde ved like jamleg, og at apparat og utstyr vert nytta på ein rett og sikker måte.

Bebuarane har ansvar for:

  • at det vert utført vedlikehald/service og kontroll av anlegget inne i eigen leilegheit (må kunne dokumenterast)
  • å studere monterings- og bruksrettleiing før apparat og anlegg vert teke i bruk
  • å vere kjent med beredskapsplanen som ligg føre for bustadsameiget
  • å vere på vakt mot gasslekkasjar og ta naudsynte førebyggjande tiltak
  • Gasslekkasje i ei leilegheit kan raskt få konsekvensar for andre bebuarar. Propangass (LPG) er tilsett lukt for raskt å kunne oppdage lekkasje. Gass som lek ut kan gjere lufta eksplosjonsfarleg og kan slå eld av t.d. open eld, glødande tobakk eller elektrisk gnist. Propan er tyngre enn luft og vil ved ein lekkasje samlast på det lågaste punktet.

 

Gassflasker

 

 

 

 

 

 

 

Dersom det vert nytta gassflasker i den enkelte leilegheit, er det viktig å vere klar over reglane for bruk, vedlikehald og oppbevaring.
Det er ikkje tillate å oppbevare propanflasker i kjellar eller på loft. Flaskene skal oppbevarast ståande på stabilt underlag.
Sørg for god lufting på terrassar der det vert oppbevart gass eller der røyr for avgass frå gasspeis kjem ut.
Sjekk slangar, koplingar og pakningar jamleg, og byt ut dersom det er teikn til lekkasje.

Regelverk:

Forskrift om håndtering av farlig stoff

https://lovdata.no/forskrift/2009-06-08-602

Brann i gassflaske sjå link.

https://www.youtube.com/watch?v=biW6qn6RXxk