Røykvarslar

  

 

 

 

 

Ein reknar med at røykvarslarar reddar mellom 10 og 20 liv kvart år i Noreg. Dei aller fleste husstandar har røykvarslarar, men det sviktar når det kjem til kontroll og skifte av batteri. For å vera viss på at røykvarslarane fungerer, må du passa på at dei vert montert riktig, og at dei jamnleg vert testa og vedlikehaldne.

Alle bustader

 - leiligheiter, rekkehus, privatbustader, hyblar og hytter - skal ha godkjende røykvarslarar eller eit godkjent brannalarmanlegg. Dersom du har fleire etasjar i bustaden din, må du ha minst ein røykvarslar per etasje. Alarmen skal kunna høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når alle dører er lukka. Har du opphaldsrom i ein del av huset, og soverom i ein annan, kan det vera at du må ha endå fleire røykvarslarar i bustaden. 

Det er eigaren av bustaden som har ansvar for å skaffa og montera røykvarslar, medan brukaren har ansvaret for å testa dei og for å skifta batteri. Alle bustader og fritidsbustader i Noreg skal også ha manuelt sløkkeutstyr.

Vel optisk røykvarslar

Det finst to ulike typar røykvarslarar: optiske og ioniske. Optiske røykvarslarar "ser" dei litt større partiklane som utviklar seg i den giftige røyken frå ein ulmebrann, og varslar slike brannar raskast. Bustadbrannar startar ofte som ulmebrannar.

Ein brann med høg temperatur og mykje flammer, vert gjerne kalla ein flammebrann. Røyken frå ein slik brann inneheldt partiklar som ein ionisk røykvarslar reagerer raskare på. I bustader er ikkje flammebrannar like vanlege som ulmebrannar.

Det finst også røykvarslarar som kombinerer ulike typar sensorar, og som gjev til dømes både optisk og termisk varsling, slik at varslaren både reagerer som ein optisk varslar og samstundes også reagerer dersom temperaturen vert for høg eller dersom han stig raskt. 
 

 

 

 

 

 

 

Røykvarslere skal oppfylla bestemte krav etter ein EU-standard. Forhandlarar og importørar har ansvar for at røykvarslarar som vert omsette i Noreg er produsert etter denne standarden. Sjå etter CE-merket.

I bustader med mange rom og / eller fleire etasjar, bør røykvarslarar seriekoplast. Når alarmen vert utløyst, vil den då automatisk utløysa alle røykvarslarane.

Plassering av røykvarslarar

Halvparten av alle bustadbrannar oppstår om natta. Det er difor viktig å syta for at røykvarslarar vert plassert slik at dei vekker alle som søv:

  • Røykvarslarar skal normalt monterast på høgaste punkt i taket, og minst ein halv meter frå veggen. Sjekk monteringsrettleiaren.
  • Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.
  • I bustader med fleire etasjar bør du plassera røykvarslarar i nærleiken av trappene, slik at lyden frå alarmen ber lettare gjennom etasjane.
  • Du bør ha minst ein røykvarslar per 60 kvadratmeter.
  • Avstanden mellom to røykvarslarar bør ikkje vera større enn 12 meter.
  • Røykvarslarane skal kunna høyrast tydeleg på alle soverom når alle dører er lukka.

Hugs: Ved branntilløp i eit lukka rom, vil ein røykvarslar utanfor rommet ikkje reagera. Det er difor lurt å vurdera om ein skal ha røykvarslarar i alle lukka rom, til dømes på barnerommet.

Testing og vedlikehald av røykvarslarar

 

 

 

Halvparten av alle dødsbannar skjer i bustader med røykvarslar som ikkje virkar. Pass på at røykvarslarane fungerer. Alle røykvarslarar bør sjekkast med jamne mellomrom, helst ein gong i månaden. Ein testar dei ved å halda inn "test"-knappen på røykvarslaren i nokre sekund, då skal han byrja å pipa. Gjer han ikkje det, må du byta batteri og gjenta testen, eventuelt skaffa ein ny røykvarslar.

I tillegg til å testa røykvarslaren med testknappen bør du testa med røyk. Du kan til dømes blåse røyk frå ei fyrstikk eller eit stearinljos mot røykvarslaren. Reagerer han ikkje med nytt batteri er han defekt og må skiftast ut.

Dei fleste røykvarslarar lagar også korte, svake pip når batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du skifta batteri. I røykvarslarar som ikkje er seriekopla via straumnettet, må batteria bytast minst kvart år. Det vert tilrådd å nytta litiumbatteri, som heldt lenger enn vanlege batteri. 

Ein røykvarslar har ei levetid på 8 - 10 år, og bør bytast ut etter dette. På dei fleste røykvarslarar er levetida oppgitt på ein etikett bak på varslaren. 

Merk: I rom med mykje støv og skit kan detektoren i røykvarslaren verta ustabil, og gje falske alarmar, fordi sensoren vert skiten eller støvete. I eit slikt miljø vil røykvarslaren si levetid vera kortare.