Invitasjon til å søkje om tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2019

Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i verdsarvområda, jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.  Ordninga skal og medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar og hindre attgroing, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan.

Kven kan søkje?
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som medverkar til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere landbruksføretak, grunneigarar, drivarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Kva kan du søkje om tilskot til?
Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:

  • Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet.
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne.
  • Planlegging av tiltak.
  • Tilrettelegging for ferdsel og formidling.
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga.

Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området.

Korleis søkjer du?
Det er to ulike søknadsskjema:

  • Eitt for tilskott til areal og beitedyr
  • Eitt for andre kulturlandskapstiltak

 

Båe søknadsskjemaa finn du som lenker nedanfor.

Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

Du sender søknaden til Fylkesmannen i Møre og Romsdal : Julsundveien 9, Postboks 2520, 6404 Molde eller e- post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaka er gjennomførte. Du finn retningslinene og rettleiinga i lenka nedanfor.

Rettleiing og søknadsskjema finn du ved å trykke på lenkene under:

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema   (PDF, 858 kB)

Søknadsskjema for areal- og beitedyrtilskot (PDF, 400 kB)
Søknadsskjema for særskilde kulturlandskapstiltak og investeringar (PDF, 395 kB)

Ei oppmoding til alle søkjarar

Det er vedteke at ansvaret for forvaltninga av tilskot til verdsarvområda skal overførast til kommunane frå og med 01.01.2020. I haust blir det utarbeidd ein ny forvaltningsmodell for satsinga, der kommunar og regional forvaltning vil få tildelt nye roller og ansvar.

På bakgrunn av dette har Fylkesmannen fått ein kortare tid til å handsame søknadene no i haust. Vi vil difor oppmode alle til å sende inn søknad i god tid før søknadsfristen, slik at fylkesmannen kan starte handsaminga fortlaupande.

Meir informasjon om overføringa av ordninga til kommunane finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap/_attachment/73562?_ts=16934a42330

Kontakt for informasjon eller spørsmål: