Koronasituasjonen - Råd og anbefalingar i Stranda kommune påska 2021

Regjeringa innfører strengare nasjonale tiltak, desse er gjeldande frå midnatt, natt til torsdag 25. mars.

Vi har til no hatt lave smittetal i Stranda kommune. Det kviler eit stort ansvar på oss alle å gjere så godt vi kan for å unngå ei negativ utvikling. Kjem du frå områder med større smitte og hit til Stranda betyr ikkje det større fridom.                                                                                       
Følg råda i den kommunen/regionen du kjem frå. Dei strengaste tiltaka er dei som gjeld for deg.

Situasjonen i landet med nedstenging av fleire regionar og nærliggande kommunar til Stranda kan bli alvorleg også for oss.
Vi viser spesielt til nye og strengare koronatiltak i kommunane Ålesund, Sula og Giske gjeldande frå og med 22. mars.

Her er tiltaka for Ålesund, Sula og Giske

Stranda kommune vil presisere at alle som reiser til eller frå desse kommunane må følgje tiltaka som er gjeldande der. Vi oppmodar folk om å halde seg oppdatert, og vere førebudd på at situasjonen kan endre seg raskt. 

Stranda kommune sine råd for påska 2021
Stranda kommune følgjer dei nasjonale råda for påska.

Tiltaka har som mål å avgrense utbrot og hindre spreiing av smitte. Situasjonen er uoversiktleg, og nye tiltak kan kome raskt.
Regjeringa har kome med nye strengare nasjonale tiltak.

Kjem du til Stranda kommune frå ein kommune med strengare tiltak og meir smitte, skal du følgje anbefalingane som gjeld i den kommunen du kjem frå.

Bur du i Stranda kommune og har planar om å reise, må du vurdere om reisa gjennomførast. 
Dersom du vel å reise har du ansvar for å innrette deg etter dei nasjonale retningslinene, og dei lokale reglane i  kommunen du kjem til.


Er du frå område med høg smitte, bør du ikkje reise på besøk til familie i Stranda kommune

  • Det betyr at dersom du bur i eit raudt område og har tenkt deg heim til Stranda kommune, bør du ikkje kome på besøk. 
  • Studentar som bur åleine er likevel velkomne heim. Dei må vere påpasselege med å følgje smittevernreglane og nasjonale råd.


Oppsummerte nasjonale råd:

  • Hald deg heime om du ikkje er frisk, har symptom, er i karantene, eller ventar på prøvesvar.
  • Ha låg terskel for å teste deg.
  • For deg som ønskjer å reise på hytte eller fritidsbustad, enten di eiga eller leigd:
    • Ikkje reis på hytta om du er sjuk, er i karantene, eller ventar på prøvesvar.
    • Du bør berre reise med dei du bur saman med eller dei du er tilsvarande nære med i kvardagen.
    • Gjennomfør innkjøpa før du reiser. 
    • Avgrens kontakt med andre når du er på besøk her, og under reisa. Unngå kollektivtransport.
    • Følg råda i kommunen/regionen du kjem frå og kommunen/regionen du besøker.
      Dei strengaste tiltaka er dei som gjeld for deg.
  • Sosial kontakt
    • Hald to meters avstand til andre, både innandørs og utandørs
    • Du bør begrense sosiale kontakter mest muleg
    • Du bør unngå besøk av meir enn 2 personar i eigen heim eller på hytta. Kjem du frå ein kommune/region der besøk i heim ikkje blir tilrådd, bør du heller ikkje ha besøk der du oppheld deg i påska.
    • Om du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak rår ein til å ikkje ha overnattingsbesøk i påsken. Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan alikevel ha overnattingsbesøk av 1-2 faste vener. 
    • Vel helst aktivitetar utandørs, unngå å oppsøke stadar der mange er samla, og der det ikkje er lett å halde avstand (2 meter)
    •  Du kan besøke alpinanlegg, men unngå trengsel og hald deg strengt til alpinanlegget og vaktene sine reglar og rettleiing. 
    •  Anbefalt bruk av munnbind på stadar med mykje folk (ta det på før trengsel oppstår)
  • Vit alltid kven du har vore saman med og kvar du har opphalde deg i fall du blir oppringt for informasjon for smittesporing.
  • Er du student som bur aleine på hybel ein anna stad enn Stranda kommune men har eige rom heime, er det greitt å reise heim i påska.
    • Du må vere ekstra merksam dersom du kjem frå eit område med høg smitte.
    • Unngå å reise kollektivt.
  • Får du symptom: Ring Stranda legekontor eller koronatelefonen på dagtid. Utanom kontortid ring legevakta 116 117. Isoler deg og vent på instruks for testing – informasjon koronatelefon Stranda kommune.

 
Grunnleggande smittevern er svært viktig uavhengig av kvar du oppheld deg i ferien:
•    God handvask
•    God avstand til andre (1-2 meter)
•    Få nærkontakter
Last gjerne ned appen Smittestopp