Kulturpris 2019

Klikk for stort bileteKulturprisen for Stranda kommune er innført  frå 2019.

Prisen skal vere på kr. 10 000,-.

Frist for innsending av forslag til kandidatar blir sett til 15. oktober 2019

Formålet med kulturprisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for utbreiing, utøving og organisering av ulike kulturaktivitetar i Stranda kommune.                                                                          

Kven som helst kan kome med framlegg på kandidatar til prisen.                                                               

Helse-, oppvekst- og kulturutvalet(HOK)  i Stranda kommune avgjer om prisen skal delast ut, kven som skal få prisen og i tilfelle deling, kor stor del kvar skal få.

Kulturprisen skal delast ut av HOK ved høve og kan delast ut berre ein gong til same person/lag/gruppe for same aktivitet.

 

Sjå retningsliner for kulturpris i Stranda.