Reguleringsplanar

Kva er ei reguleringsplan?

Kommunen styrer kva bestemte områder kan nyttast til gjennom reguleringsplanar.

Ei reguleringsplan gjev føringar for kva areala innanfor eit avgrensa område kan nyttast til eller kva slags bygningar som kan byggjast. Alle planar skal vere beståande av eit plankart, reguleringsføresegn og ein planomtale. Plankartet og reguleringsføresegna er juridisk bindande. 

Tilleggsdokumentasjon kan bestå av til døme støyrapport, plan for vatn og avløp, og undersøkingar av geologiske og kulturhistoriske høve. 

Det finst to typar reguleringsplanar, områderegulering og detaljregulering. Ei områderegulering vert utarbeida når det står som krav i kommuneplanens arealdel, eller der det er behov for gje meir detaljerte avklaringar av arealbruken i eit område. Ei detaljregulering er meir detaljert og dekker ofte mindre områder, og kan fremmast av private aktørar, i motsetning til områdereguleringar. Det er fagkyndige som skal utarbeide detaljreguleringar. 

Sjå regjeringa sine nettsider for rettleiarar om planlegging etter plan- og bygningslova og meir. 

Dette må du levere ved ei reguleringsplan - sjekkliste (PDF, 31 kB)

 

Planprosess
Oppstart av reguleringsarbeid

Her finn du rettleiing om oppstartsfasen i eit reguleringsarbeid, i tillegg til mal for planinitiativ og skjema for bestilling av oppstartsmøte.

Oppstart av reguleringsarbeid

Før kunngjering av oppstart av privat planarbeid skal det haldast oppstartsmøte med kommunen (planseksjon), jf. plan- og bygningslova § 12-8 og forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova. Kunngjering og varsling om oppstart kan ikkje gjennomførast før kommunen har gitt forslagsstillar skriftleg tilbakemelding om dette.

Formålet med oppstartsmøte er å leggje til rette for ein effektiv og føreseieleg planprosess, og avklare viktige føresetnader for planarbeidet så tidleg som mogleg.

Kommunen tek gebyr for oppstartsmøte. Sjå gebyrregulativet 2024.

Planinitiativ 

Saman med bestilling av oppstartsmøte skal det sendast inn eit planinitiativ. Etter Forskrift om planinitiativ § 1 skal planinitiativet i nødvendig grad omtale premissane for det vidare planarbeidet, sjå mal for planinitiativ.

Planinitiativet skal ha følgjande vedlegg: 
•    Forslag til planavgrensing på PDF- eller SOSI-format
•    Forslag til framdriftsplan
•    Stranda kommune har følgjande krav som følgjer av Kommuneplan, samfunnsdelen 2019-2031, Energi- og klimaplan 2022-25 og kommuneplan arealdel 2020-2032. Plansak - Stranda kommune

Det blir ikkje rådd til å utarbeide meir materiale enn nødvendig, med mindre anna er avtalt på førehand. Dokument skal haldast korte og konsise, og ta omsyn til malar og avgjerdsrelevant informasjon. Dersom innsendt materiale blir vurdert som mangelfullt, vil kommunen etterlyse suppleringar før ein tilbyr møtetidpunkt.

Gjennomføring av oppstartsmøte 

I oppstartsmøtet skal dei temaa som er nødvendige for å klargjere føresetnadene for det vidare planarbeidet og utforminga av det endelege planforslaget handsamast. Ved behov vil andre faginstansar/ -etatar også vere til stades slik at dei kan kome med sine råd og framlegg. Det blir lagt opp til at forslagsstillar presenterer planinitiativet og stadanalyse i starten av møtet til vidare diskusjon. Det er mange tema som skal klargjerast i eit planarbeid, på oppstartsmøtet blir samtalen prioritert rundt dei mest relevante temaa for det konkrete planinitiativet. Forslag til framdriftsplan blir drøfta i møtet.  

I referatet frå oppstartsmøte skal det gjerast greie for avklaringar og konklusjonar det vart semje om, punkt det var usemje om og punkt som står att å avklare. Referatet blir skrive av kommunen (arealplanleggar).  

I etterkant av møtet blir referatet sendt til møtedeltakarane for gjennomlesing og  kommentering, før referatet blir journalført. Referatet skal vere ein felles referanse for forslagsstillar og det vidare arbeidet i kommunen med planforslaget, og såleis utgjere ei retningsline som partane i fellesskap skal arbeide etter.  

Avgjerd om at planinitiativet blir stoppa

Finn kommunen at eit privat planinitiativ ikkje bør føre fram, kan kommunen vedta at initiativet skal stoppast, jf.  plan- og bygningslova (pbl) § 12-8, 2. ledd. Planinitiativ som blir stoppa, kan ein krevje lagt fram til politisk behandling for endeleg avgjerd. Stopp av planinitiativ medfører gebyr.

Relaterte dokument og skjema:
Mal for planinitiativ  (DOCX, 41 kB)
Bestillingsskjema oppstartsmøte (elektronisk skjema) - Skjema vert lagt ut seinare

Mindre endring av reguleringsplan
  1. Tiltakshavar tek kontakt med kommunen angående dei endringer som er ønska, og kommunen gjev si tilbakemelding. 
     
  2. Før kommunen går vidare med ei mindre endring skal følgende være levert:
    Omtale av den mindre reguleringsendringa
    Kva som ønskes endret
    Kvifor plana/føresegna ønskes endra
    Kven som er tiltakshaver for endringa
    Dersom det er plankartet som skal endres, skal kopi av plankartet med inntegnet endring og eventuelle avstandsmålinger leggjast ved.
  3. Forslag til endringer i plankart og eventuelt føresegn vert sendt ut sammen med et følgjebrev til berørte parter/naboer/gjenboere og andre relevante instanser for uttale. Uttalefrist er satt til 3 veker.
  4. Etter fristen har gått ut skal saken behandles politisk i fast utval for plansaker. 
  5. Mindre reguleringsendringer vil ikkje bli kunngjort i avis og på heimeside.
  6. Etter at klagefristen på 3 uker er utløpt, vil endringane leggjast inn i eksisterende plan eller føresegn.  
  7. Det er ikkje klageadgang på kommunens beslutning om ikkje å foreta endring av reguleringsplanen etter pbl § 12-14, andre ledd.
     

Dette må du levere ved mindre endring (PDF, 156 kB)

Varslingsliste for privat reguleringsplan

Adresseliste – aktuelle offentlege høyringsinstansar for privat reguleringasplan

Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, pb.2500, 6404 Molde    
post@mrfylke.no

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, pb. 2520, 6404 Molde
sfmr@statsforvalteren.no

Statens vegvesen region midt, Fylkeshuset, pb. 2525, 6404 Molde
Firmapost-midt@vegvesen.no

Norges vassdrags- og energidirektorat, pb. 53, 6801 Førde
rv@nve.no

Linja AS, Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
post@linja.no

Attvin, Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
post@attvin.no


(i tillegg til nærmaste naboar og gjenbuarar)
 

Artikkelliste

Kontakt

Gabriela Habostad
Planleggar
46411026