Kva er viktig for deg i din kvardag? I løpet av livet kan ein oppleve vanskar som gjer at ein står i fare for, eller ikkje lenger meistrar kvardagen må ein måte som ein ynskjer. Ein ergoterapeut vil då hjelpe deg til å finne løysingar som gjer at du kan oppleve meistring igjen blant anna gjennom god kunnskap om tilpassing og tilrettelegging av aktivitetar. Ergoterapeuten møter deg i ditt miljø, om det er heime i eigen bustad, på din arbeidsplass, i barnehagen eller på skulen.
Ein ergoterapeut arbeidar med:
-Funksjonsvurdering for å kunne tilpasse aktivitetar i dagleglivet.
-Trening i daglege aktivitetar for å gjennvinne/ behalde funksjon.
-Rehabilitering i og utanfor institusjonar.
-Tilrettelegging av bustad.
-Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemidler.
-Rettleiing, informasjon og undervisning bruker, pårørande og andre fagpersonar.
-Førebyggande heimebesøk for personar over 80 år (link til innsatsteam inn her)
For å sikre eit god tilrettelagt og heilskapleg tilbod til deg så er samarbeid med andre profesjonar viktig. Ergoterapeuten samarbeidar tett med kommunal fysioterapeut, legar, helsestasjon, heimetenesta, NAV hjelpemiddelsentralen og andre tenesteinstansar i kommunen.
Kven kan få tilbodet og korleis?
Du kan sjølv ta kontakt direkte med ergoterapeut. Det er ikkje behov for tilvisning frå lege.
Prioriteringar blir gjort etter prioriteringsnøkkelen (PDF, 107 kB) då det kan vere venteliste.
Kontaktinformasjon til ergoterapeut finn du på sida.
Kva kostar det?
Tilbodet/tenesta er gratis.