Fysioterapitenesta er ein del av Stranda kommune sitt helsetilbod. Fysioterapeuten arbeider med helsefremjande og førebyggjande tenester til brukarar i heile livsløpet. Tiltaka har som mål å fremje deltaking, meistring og sjølvstende i eigen kvardag.
Tenesta har 1 kommunal fysioterapeut, i tillegg til 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
Fysioterapeut med kommunal avtale - Stranda kommune
Fysioterapi for vaksne og eldre
Kommunal fysioterapeut gir i hovudsak tilbod til pasientar på kortids- og rehabiliteringsopphald på kommunale institusjonar, samt pasientar med behov for heimebehandling.
Fysioterapi for barn og unge
Kommunal Fysioterapitenesta er ein del av helsestasjon- og skulehelsetenesta og samarbeider med anna helsepersonell i kommune, barnehage, skule og ppt.
Kven kan få tilbodet og korleis?
Dei som har behov for råd, rettleiing eller behandling etter fagleg vurdering av fysioterapeut.
Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar og helsepersonell i kommunen kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta pr. telefon eller post.
Kontaktinformasjon finn du på sida.
Kva kostar det?
Kommunal fysioterapitenesta i Stranda kommune er gratis.
Tenesta brukar same prioriteringsnøkkel (PDF, 107 kB) i heile kommunen.