Jordmor

Jordmor er Elin Tafjord Skoge tilsett i 50% stilling. Frå 01.05.18 og i 1 år er det i tillegg ei 50% prosjektstilling som gjev eit utvida tilbod.
 

Publisert av Intraadministrator. Sist endra 25.06.2018

Gravid?

Det er anbefalt å ta kontakt med jordmor eller fastlege så snart du veit du er gravid. Då vil du få time for ein tidleg samtale etter nye retningsliner for svangerskapsomsorga (juni 2018).  Denne samtalen inneheld desse tema:

  • Informasjon og kartlegging av ditt behov for oppfølging i svangerskapet
  • Gjennomgang og utfylling av helsekort for gravide
  • Fysisk helse og aktivitet
  • Kosthald og behov for kosttilskot
  • Legemiddel
  • Psykisk helse
  • Erfaringar med vold og seksuelle overgrep
  • Røyk og snus
  • Alkohol og illegale rusmiddel

Du kan sjølv velje om du vil gå til jordmor eller lege for svangerskapskontrollar og etterkontroll.

Partnar er velkomen til å vere med på svangerskapskontrollane.

Tilbod frå jordmortenesta:

  • Svangerskapskontrollar og oppfølging av gravide i samarbeid med legetenesta
  • Samtale, råd og veiledning om sentrale tema innen kvinnehelse, livsstil og graviditet.
  • Henvisning til ultralyd, og anna oppfølging i spesialisthelstenesta ved behov.
  • Forberedelse til fødsel, amming og det å bli foreldre.
  • Tidleg heimebesøk av jordmor etter fødsel. 1-3 dg etter heimkomst.
  • Ivaretaking av familien i samarbeid med helsestasjonen.
  • Etterkontroll av kvinna 6 veker etter fødsel.
  • Prevensjonsveiledning og administrering av alle typer prevensjon til alle kvinner over 16 år.
  • Samtale om seksualitet, seksuell helse og abort.

 

Kontaktinformasjon og bestilling av time:

Elin Tafjord Skoge, jordmor : 46411080.

Stranda  legekontor: 70268120

 

VIKTIGE TELEFONNUMMER:

FØDEAVDELING ÅLESUND    70 10 59 40

FØDEAVDELING VOLDA        70 05 83 61

AMBULANSE                           113

LEGEVAKT                               116 117

 

Nyttige lenker:

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsomsorgen

http://www.fhi.no/

http://www.sexogsamfunn.no/

http://www.helsenorge.no/gravid

http://ammehjelpen.no/

http://matportalen.no/

https://www.nav.no/Forsiden

Kontakt

Elin Tafjord Skoge
Jordmor

Kart