Beredskapslagring av jodtablettar ved atomhendingar

Helsedirektoratet, Statens strålevern og legemiddelverket anbefaler

BEREDSKAPSLAGRING AV JODTABLETTER VED ATOMHENDINGAR

  • Eigenberedskap i heimane
  • Kommunale bredskapslagre

Kvifor?  Beredskapsvurderingar silseier at jodtabletter kan bli aktuelt ved atomhendingar. Faren for ulukker ved eldre kjernekraftverk er aktuell problemstilling. (jfr. Tjernobyl). Ferdsel og ulukkesfare med reaktordrevne farty langs kysten aukar.  Terrorhandlingar og krigsfare er også aktuelt bakteppe.

Kvifor jodtablettar?  Radioaktivt jod  kan bli spreidd via lufta og vert teke opp i skoldbruskkjetelen ved innanding og/eller inntak av forureina mat og drikke. Tilskot av naturleg  jod blokkerar  opptaket av radioaktivt  jod i skjoldbrukskjertelen og reduserer risikoen for kreft i denne. Jodtablettar  vernar kun  mot radioaktivt jod og ikkje andre radioaktive stoff. Adekvat inntak  av jodtabletter samtidig med  radioaktivt nedfall  reduserar  opptaket i skoldbruskkjertelen med 95%.  Seinare avtek effekten til 60% etter 3 timar og 50% etter 3 dagar. Å opphalde seg innandørs i første fasen av radioaktivt nedfall  reduserar opptaket. Dette er spesielt viktig for målgruppene inntil jodtablettar kan  framskaffast

Viktige råd:

1. Jo tidlegare jodinntak, dess betre effekt!
2. Opphald innandørs reduserar strålebelastninga!

 

Kven skal ta jodtabletter?                                                                                                                          
Primær målgruppe:  Barn og ungdom under 18 år, gravide og ammande  har størst risiko for kreft i skjoldbruskkjertelen.                                                        
Sekundær målgruppe:  Vaksne mellom 18 og 40 år.                                                                                     
Dei over 40 år har svært liten risiko for denne kreftforma og treng ikkje ta jodtablettar

Beredskapslagring av jodtablettar er  anbefalt!                                                                                              
1. Eigenberedskap i heimen.  Myndigheitene har gitt klar tilråding om at kvar husstand bør opprette sitt eige beredskapslager til bruk  ved store hendingar eller kriser som lammar infrastrukturen. Dette gjeld vanlege  artiklar for å dekke behovet inntil 3 døgn , som til dømes vatn, mat, klede, fyrstikker og lys, batteribank, faste medisiner o.l.  Som del av dette beredskapslageret  blir anbefalt at alle husstandar med personar under 40 år kjøper inn jodtablettar. Tabletter Jodix  130mg a 10 stk kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Bruksrettleiing og infoark  vil følge med og må oppbevarast saman med tabl. Ved å følge anbefaling om eige beredskapslager sikra rein raskt inntak og tryggleik for at også dei som er i den sekundære målgruppe har medisinen for handa og  ein unngår å måtte dra ut for å hente tablettar.

2. Kommunale beredskapslagre. Kommunenen har fått tilbod om å overta tabletter som til no har vore lagra sentralt. Stranda kommune har motteke 1600 tabletter Kaliumjodid Recip 65 mg for gratis distribusjon til den primære og høgast prioriterte målgruppa. Berre hvis ein sit igjen med restlager vil dette bli tildelt til den sekundære målgruppa.  

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Tablettane blir,  ut frå demografiske data, fordelte og lagra distriktsvis slik:          

Stranda Stranda distrikt - avdeling sjukeheimen
Hellesylt Sunnnylven omsorgssenter
Geiranger Geiranger omsorgssenter
Liabygda Stranda distrikt - avdeling Liabygda omsorgsbustadar

                                                                                                                            

Prosedyrer for lagring, utlevering og dosering samt bruksrettleiing ligg føre i desse  beredskapslagrene.

Varsling.  Når skal tablettane takast?                                                                                                   
Tablettane skal bare delast ut og takast når det blir gitt råd om dette frå sentrale myndigheiter. Råd om iverksetting vil bli gitt gjennom media (radio/TV/Internett) og  frå  den kommunale  kriseleiinga i Stranda (SMS-varsling og Stranda kommune si heimeside)

Utlevering frå  dei kommunale beredskapslagre:                                                                                        
Når barnehagar og skular (inkludert vidaregåande skule) er i vanleg drift,  vil jodtablettarne bli henta inn frå beredskapslagrene (sjå ovanfor) og delte ut til dei barn og unge som er tilstade i barnehagen og skulen av deira eige personell. Gravide og ammande, samt dei med born 0 -18 år som ikkje får/har fått jodtabletter i barnehage eller skule må sjølve syte for at nokon med liten risiko kan hente tabletta  snarast råd er i næraste beredskapslager. Helsepersonell i vakt på omsorgssenteret  må starta  utlevering inntil anna personell kan tiltre og avhjelpe situasjonen. Den kommunale kriseleiinga vil ta stilling til når tid eventuelle restlagre skal  åpnes for  vaksne mellom 18 og 40 år. Usikkerheit omkring dette spørsmålet kan best løyst gjennom eigenberedskap i heimen.

 

Stranda, 23.04.2019

Arne Gotteberg                                                                                                                                 
Kommuneoverlege