Beredskap

Katastrofar, alvorlege ulukker og svikt i samfunnsviktige funksjoner avslører ofte at samfunnet ikkje er godt nok førebudd på å handtere vanskelege situasjonar tilfredsstillande. Sjølv mindre hendingar kan resultere i vesentlege tap for menneske eller verksemder og skade på miljøet. Med enkle midlar vil ein kunne unngå mange slike situasjonar. Stranda kommune tek beredskap på alvor, og vil gjennom planverk, klar rollefordeling og øvingar vere best muleg førebudd på mindre og store hendingar.

Kommunen sine oppgåver
Stranda kommune har eit ansvar for å førebygge at det oppstår situasjonar som krev ein slik innsats som nemnd nedanfor, og skal til ei kvar tid vere budd på å ta på seg følgjande oppgåver i ein krisesituasjon:
* Ta hand om skadde personar
* Yte bistand ved evakuering
* Innkvartering og forpleiing
* Forsyningsstøtte til redningsmannskap
* Informasjon til pårørande, befolkning og media
* Sikre helsemessig trygge næringsmidlar, inkl. drikkevatn
* Sikre naudstrøm ved straumstans
* Rette opp skader på kommunikasjonar og andre anlegg
* Opprydding av skadestad og yte innsats for å verne miljøet
* Verne kulturelle verdiar

Kriseleiing i Stranda kommune
Konstituert rådmann, leiar Tone Lillebø

Kommunalsjef plan og utvikling, nestleia

Einar Lied
Kommunalsjef helse og omsorg Jane Solheimsnes
Ordførar Jan Ove Tryggestad
Varaordførar Svein Erik Rimstad
Brannsjef/beredskapskoordinator Inge Teigen
Kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen
Politikontakt  Jon Tommy Flo



Psykososialt kriseteam
Konstituert rådmann, leiar Tone Lillebø
Sosialleiar Aina Holmberg
Politikontakt Jon Tommy Flo
Kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen
Einingsleiar Geiranger omsorgssenter Oddbjørg Solhaug
Sokneprest Sunnylven og Stordal Ann Kristin Langeland