Biblioteket kan tilby
- Barneavdeling med bøker, lydbøker, teikneseriar og blad
- Eldre og nyare skjønnlitteratur
- Variert samling av faglitteratur
- Lokalhistorisk samling
- Bøker med storskrift for svaksynte
- Informasjon frå stat, fylke og kommune
- Aviser og tidsskrift
- DVD-filmar for barn og vaksne
- Lydbøker og E-bøker
- CD-plater
- Språkkurs på fleire språk
- Publikums-PC'ar og trådlaust nettverk
Bestilling av bøker
Det er mogleg å søkje og bestille frå hovudbibliotekets samling, sjå under biblioteket si heimeside www.mrbiblioteket.no/stranda.
Bestilte bøker må hentast innan ei veke. Fyll ut bestillinga med så mange opplysningar som mogleg (telefonnr. og e-post). Sei frå om du ønskjer reservering.
NB! Det kan vere lurt å ringe/sende e-post for sikkerheits skuld før boka vert henta, fordi ho kan bli utlånt før bestilling vert behandla eller at boka ikkje er på plass.
Vilkår
Alle som har fast adresse kan få lånekort. Meld straks frå om flytting eller tap av lånekort. Om du lar andre nytte lånekortet ditt er det korteigar som er ansvarleg for lånet. Meir informasjon om vilkår finn du i lånereglane (DOC, 41 kB).
Lånetid
Bøker, lydbøker, CD, tidsskrift: 4 veker
DVD: 1 veke
Språkkurs: 8 veker