Generell informasjon
Søkjarar kan vere kommunar, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar. Det er eit grunnleggjande prinsipp at støtte i form av spelemidlar ikkje skal danne grunnlag for tenestebaserte eigarformer.
Der anna ikkje er bestemt, blir det gitt tilskot til ordinære/nye anlegg inklusiv rehabilitering på inntil 1/3 av godkjent kostnad. Maks tilskotsbeløp er kr 1.000.000 med unnatak av enkelte kostnadskrevjande anlegg.
For nærmiljøanlegg blir det gitt støtte med inntil 50 % av godkjent kostnad, avgrensa oppover til kr 300.000. Grunnlag for tilskot er avgrensa oppover til kr 600.000.
Søkjarar blir oppfordra til å halde seg orientert på Kultur- og kyrkjedepartementet sine nettsider eller eventuelt på idrettsanlegg.no.
Kommunen si rolle
Kommunedelpan for idrett og fysisk aktivitet for Stranda kommune gjeld for perioden 2020-24. Kommunedelplanen har ein handlingsplan som blir rullert ein gong i året, og handsama i kommunestyret i november/desember. Handlingsplanen er kommunen si prioriteringsliste for ordinære anlegg og for nærmiljøanlegg. For å søkje spelemidlar må prosjektet vere med i gjeldande handlingsplan (DOCX, 21 kB).
Aktuelle prosjekt skal meldast inn til eining kultur og fritid ved kulturleiar. Stranda idrettsråd handsamar idrettsplanen og handlingsprogrammet kvart år og gir innspel til prioriteringslista.
Frå og med 2019 skal ikkje kommunene førehandsgodkjenne søkanadar om spelemidlar. Kommunen skal fortsatt kontrollere søknaden før dei blir sendt vidare til fylkeskommunen, og kommunen må derfor ha søknader i hende seinast 1. desember.
Fylkeskommunen gjer vedtak om fordeling av spelemidlar i løpet av mai/juni månad.