Faktura til Stranda kommune

 

Frå og med 01.05.2022 vart alle fakturaer mottatt på e-post returnert til leverandøren, på grunn av overgang til EHF-fakturaer. 

Frå 18.05.2022 er postadressa faktura@stranda.kommune.no stengt. 

Stranda kommune mottek mange fakturaer med manglar. Fakturaer vil då stoppe opp og lede til forsnika betaling til leverandør.

Slik skal faktura til Stranda kommune merkast og sendast 

Leverandørar må følgje desse kriteria ved merking og innsending av faktura til kommunen og kommunale føretak: 

Send faktura elektronisk i EHF-format 


Alle fakturaer skal sendast elektronisk i EHF-format. For elektronisk adresse, sjå tabellen nedanfor: 

Send faktura elektronisk i EHF-format

Send faktura elektronisk i EHF-format
. Organisasjonsnummer Elektronisk adresse
Stranda kommune 964980098 EHF964980098
Stranda Hamnevesen KF 887933782 EHF887933782
Åknes Tafjord beredskap IKS 893276882  EHF893276882

 

Merking på faktura 


Den som bestiller må oppgi «profil» når varene vert tinga. 
Profilen er oppbygt slik:  
Bilar: Reg nummer er profilen/ansvar 
Telefonutgifter:  Telefonnummeret/ansvar 
Straum: Målarnummer/ansvar 
Andre utgifter utan fast id:  Konto/ansvar/bestiller id 

Profilane skal plasserast i feltet Deres ref. 
- På EHF-fakturaen visast feltet som Invoice/Buyer Reference. 
- I XML-filen visast AccountingCustomerParty/Party/Contact/ID 

 

Pakkseddel 


Det er ønskeleg at også pakksetel vert levert i EHF-format. 

30 dagar betalingsfrist på fakturaer – oppmoding om fakturering skjer utan ugrunna opphald – med leveringsadresse 
Det skal vere minimum 30 dagar betalingsfrist på fakturaer til Stranda kommune. 
Leverandørane vert oppmoda til å sende fakturaane utan ugrunna opphald.  

Faktura skal merkast med leveringsadresse. 

 

Korrigering/Kreditnota 

Ved korrigering av faktura etter utsending, skal det utstedast ein kreditnota og ein ny korrekt faktura etter gjeldande krav og digital flyt, som beskrive over. 

 

Purringar 

Purringar skal sendes elektronisk som EHF. 

 

Bedrifter utan eige fakturasystem 

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eigne fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura. Alternativa er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal eller via eigen nettbank. 

På anskaffelser.no finn du ein oversikt over Fakturasystemer som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF) | Anskaffelser.no

 

Fakturaadresse og leveringsadresse 

Fakturaadresse til Stranda kommune er: 
Stranda kommune 
Fakturamottak,  Øyna 13 
6200 Stranda  

Kontaktinformasjon 
Spørsmål rundt faktura kan rettast til: post@stranda.kommune.no  

Artikkelliste