Gratis rettleiing til skogkultur

 Skogkultur er eit viktig satsingsområde for at skogressursane skal nyttast på ein god måte.

Desse tenestene er gratis for alle skogeigarar og vil bli utført av ein nøytral instans som skal jobbe som eit mellomledd mellom skogeigar og aktørar i marknaden.  Han kjem til oppsøkje skogeigarar som har stort skogfond og dei som ikkje har forynga skogen slik skogbrukslova krev.

Tenestene som vil bli tilbydd er:
Synfaring av foryngingsflater og ungskog.
Informasjon og rettleiing relatert til: skogkultur og skogbehandling; planting, planteforband, plantetype og proveniens; skogreising og investeringstiltak for å auke verdien på skogeigedomen.
Innhenting av tilbod frå ulike aktørar som sørgjer for at skogeigar får best mogleg tilbod.

Investering i skogkultur vil forrente seg ved sluttavverking i form av lågare omløpstid, god kvalitet på virket og gi ei betre utnytting av markas produksjonsevne.
Skogfondsmidlar og tilskot til skogkultur vil sørgje for at kostnadane til skogeigar etter skatt er veldig lav. Om skogeigar ikkje har tilgjengeleg skogfond er tilskotet til skogkultur på 50 % av investeringa.

Vonar at skogeigarane nyttar det gode tilbodet dei no får.

Kontakt

Asle Konnerth
Skogbrukssjef
46411024

Kart