Viltforvaltning

Publisert av Eldar. Sist endra 22.11.2016

Kommunen er etter viltlova eit viltorgan (andre viltorgan er departementet, Direktoratet for naturforvalting og fylkesmannen). Vi skal gje myndigheiter, organisasjonar, bedrifter og personar hjelp, råd og rettleiing i saker om viltforvalting. Vi handsamar elles saker etter mellom anna Forskrift om forvalting av hjortevilt og bever.

Tilskot til vilttiltak.
Vi rår over eit kommunalt viltfond som kan nyttast til å støtte tiltak som er eigna til å; betre viltforvaltinga, styrke kunnskapen om vilt, betre jaktorganiseringa, førebygge hjorteskader på landbruksnæringa og leggje forholda til rette for ei betre utnytting av viltressursane. Søknad om støtte til slike tiltak sender de til kommunen.

Stranda kommune har eiga viltnemnd som har forvalteransvaret i høve til lovverket og tilhøyrande forskrifter. Skogbrukssjefen er sekretær i viltnemnda.

Kontakt

Asle Konnerth
Skogbrukssjef

Kart