Retningsliner for kommunalt viltfond i Stranda kommune

Publisert av Eldar. Sist endra 22.11.2016
Formål
Viltfondet skal dekkje utgifter kommunen har med fallvilt og ettersøk av skada vilt samt sikre at fallvilt blir tatt i vare i samsvar med krav i loven. Føremålet med viltfondet er å fremje viltforvaltninga, styrke kunnskap om viltet, organisering av jakt i kommunen og nabokommunar gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, einskildpersonar eller kommunen sjølve.
 
Målgruppe
Kommunen, private lag og organisasjonar, driftsplanområde, grunneigarlag samt jeger og fiskeforeiningar.
 
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som fremjar viltforvaltning, aukar kunnskap om viltet m.m.
Utgifter for handtering av fallvilt
Kartlegging av viltressursar/viltinteresser og kartlegging av biologisk mangfald i kommunen og regionen
Tilskot til organisering av storvald og lokale hjorteviltutval
Tilskot til driftsplanarbeid
Oppgåver som byggjer på interkommunalt samarbeid
Tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og muligheiter for jakt
Kursdeltaking og kompetansegjevande etterutdanning innan viltforvaltning for administrasjon og politikarar
Organisering av hjorteteling under jakta
Tiltak og utstyr som utviklar og forbetrar den kommunale viltforvaltninga
Tiltak for å førebyggje skade på jord- og skogbruk voldt av hjortevilt i samråd med Viltnemnda og Næringsavdelinga
Tiltak som førebyggjer påkjørsler og trafikkskade voldt av hjortevilt 
Det gis ikkje midlar frå viltfondet til
Erstatting av skade voldt av vilt
Skotpremie
Søknaden sendast til kommunen på eige søknadsskjema
 
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 1. mars kvart år. Kommunen informerer om ordninga og søknadsfrist i lokal presse.
 
Styringsorgan
Disponering av viltfondet er kommunen sitt ansvar. I følgje Lov av 25.09.1992 om kommunar og fylkeskommunar er kommunestyret det øvste kommunale organ. Kommunestyret delegerer til Viltnemnda å behandle søknader om støtte frå fondet. Rekneskap for Viltfondet skal føres av kommunekassa og blir revidert av kommunerevisor.
 
Endring og revidering av retningslinene
Endring og revidering av retningslinene takast opp som sak til Viltnemnda og Kommunestyret som endeleg vedtaksorgan. 
 

Vedtatt av kommunestyret 24. april 2002 (KOM 020/02) 

Kontakt

Asle Konnerth
Skogbrukssjef

Kart