SMIL-ordninga

 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere ureining frå jordbruket. Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Vilkår
Kommunen handsamar og avgjer søknader om tilskot i samråd med ei rådgjevande gruppe. Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av søknadane (lokale vedtekter).

Tilskot kan gjevast til føretak knytt til ein landbrukseigedom der det skjer produksjon som gir rett til tilskot på landbrukseigedommen, og som oppfyller vilkåra i forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskott og avløysartilskott i jordbruket § 2 og  § 3 eller § 4. Eigar av landbrukseigedommen må gje løyve til gjennomføring av prosjekt eller tiltak etter denne forskrifta.

For å få løyvd tilskot er det eit vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigedom, og at det må vere ein jordbruksproduksjon på bruket som gir rett på tilskot.

Søkjar må oppfylle vilkår i forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging. Det skal førast journal over plantevernmidlar som er nytta, med opplysningar om namn på plantevernmiddelet, tidspunkt for behandling og dosen som er nytta, og området og veksten som plantevernmiddelet vart nytta på. Søkjer må vidare ha kart over jordbruksareala føretaket til ei kvar tid disponerer, og andre areal som føretaket disponerer eller som har innverknad på eller er påverka av jordbruksdrifta. Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areala med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold med konsekvensar for miljøet skal vere kartfesta og skildra.

Eigarar som sjølve ikkje driv areala kan søkje om tilskot dersom det vert drive produksjon på bruket som gir rett på tilskot. Den som leiger det arealet som gir rett til tilskott kan også søkje om tilskott dersom han har godkjenning frå eigar.

Du kan søkje om tilskot til einskildståande tiltak eller til større tiltak som vedkjem fleire aktørar og/eller eigedommar. Dersom søknaden gjeld fellestiltak, eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt med fleire aktørar, skal ein deltakar stå som ansvarleg søkjar og sende inn søknaden på vegner av alle deltakarane, basert på skriftleg fullmakt.

Det vert normalt ikkje løyvd tilskott til tiltak som alt er påbyrja eller sluttførte.

Andre bestemmelser om kven som kan få tilskot og kva for tiltak som gir rett til tilskot, og kva for vilkår som må vere oppfylte, finn ein i forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket

Frå og med 2020 er det ikkje lenger krav om at søkjar må ha eit føretak for å ha rett til tilskot.


Saksgang
Tilskot vert løyvd på grunnlag av søknad med godkjendt kostnadsoverslag. Søknaden skjer via Altinn.

Frist for gjennomføring av tiltaket er 3 år frå tilskottet blei innvilga, men mindre kommunen har sett ein kortare frist. Fristen kan forlengast med inntil 2 år på bakgrunn av ein grunngitt søknad.

Lenke
Lenke til: Sentral forskrift 

Lenke til: Lokal forskrift (PDF, 634 kB)

 

Tilskott til tiltak i beiteområde 

Overføring av mynde frå Statsforvaltaren til kommunane

Forvaltninga av tilskotsordninga Tilskot til tiltak i beiteområde vart overført frå Statsforvaltaren til kommunane frå 1.1.2020, jf. Forskrift om endring av forskrift om tilskott til tiltak i beiteområde av 03.10.2017 (endringsforskrifta). Statsforvaltaren er klageinstans, og skal også ha ein koordinerande og støttande funksjon for kommunane si forvaltning.

Økonomisk ramme for tilskotsordninga vert tildelt årleg gjennom tildelingsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Statsforvaltarane.

Statsforvaltaren fordeler midlane vidare til kommunane, m.a. på grunnlag av prognosar frå kommunane.

Søknad

Fagsystemet Agros vert no brukt for  denne tilskotsordninga. Søknader skal primært sendast inn elektronisk via Altinn.

Kva kan du søkje om (lista er ikkje uttømande)

  • Sperregjerde
    Eit sperregjerde skal hindre beitedyr i å kome ut av beiteområdet. Sperregjerde kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jarnveg, tettbygd strok og
    samanhengande jordbruksområde. Reine inngjerdingar av beitedyr i utmark fell ikkje inn under definisjonen av sperregjerde, og tilskott skal normalt ikkje løyvast til dette. Heller ikkje skal det gjevast tilskott til gjerde mellom innmark og utmark som fell inn under Lov om grannegjerde.
  • Ferister
    Ferister bør vere av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar.
  • Bruer
    Det kan gjevast tilskott til bruer som er dimensjonerte for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslag eller tilskottsdelen reduserast tilsvarande.
  • Gjetarhytter
    Kostnadsoverslag for gjetarhytter kan omfatte hytter på inntil 20 m2 med kvadratmeterpris som svarar til gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området.
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar
  • Saltsteinsautomatar
  • Transportprammar
  • Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenodar, merkesavlesarar, FindMySheep, dronar m.m.)
  • Elektronisk gjerde (t.d. av typen Nofence)
  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt
    Dette kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfatte:
    o    Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
    o    Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
    o    Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av
    o    beita
    o    Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan medverke til effektiv og god beitebruk
    o    Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan m.m.) for
    o    Utmarksbeite
     
  • Sperregjerde
    Eit sperregjerde skal hindre beitedyr i å kome ut av beiteområdet. Sperregjerde
    kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jarnveg, tettbygd strok og
    samanhengande jordbruksområde. Reine inngjerdingar av beitedyr i utmark fell
    ikkje inn under definisjonen av sperregjerde, og tilskott skal normalt ikkje løyvast til dette. Heller ikkje skal det gjevast tilskott til gjerde mellom innmark og utmark som fell
    inn under Lov om grannegjerde.
  • Ferister
    Ferister må vere av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar.
  • Bruer
    Det kan gjevast tilskott til bruer som er dimensjonerte for føring av beitedyr. Dersom
    bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslaget eller tilskottsdelen
    reduserast tilsvarande.
  • Gjetarhytter
    Kostnadsoverslag for gjetarhytter kan omfatte hytter på inntil 20 m2 med
    kvadratmeterpris som svarar til gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard
    i det aktuelle området.
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar
  • Saltsteinsautomatar
  • Transportprammar
  • Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenodar, merkesavlesarar,
    FindMySheep, dronar m.m.)
  • Elektronisk gjerde (t.d. av typen Nofence)
     

Vedtektene for ordninga finn du her:

Lokale vedtekter 2023-2026 - Tilskott til tiltak i beiteområde (PDF, 462 kB) (PDF, 661 kB)

Sentral forskrift

Kontakt

Inge Bjørdal
Næringssjef
46411023