Reguleringsplanar

Kva er ei reguleringsplan?

Kommunen styrer kva bestemte områder kan nyttast til gjennom reguleringsplanar.

Ei reguleringsplan gjev føringar for kva areala innanfor eit avgrensa område kan nyttast til eller kva slags bygningar som kan byggjast. Alle planar skal vere beståande av eit plankart, reguleringsføresegn og ein planomtale. Plankartet og reguleringsføresegna er juridisk bindande. 

Tilleggsdokumentasjon kan bestå av til døme støyrapport, plan for vatn og avløp, og undersøkingar av geologiske og kulturhistoriske høve. 

Det finst to typar reguleringsplanar, områderegulering og detaljregulering. Ei områderegulering vert utarbeida når det står som krav i kommuneplanens arealdel, eller der det er behov for gje meir detaljerte avklaringar av arealbruken i eit område. Ei detaljregulering er meir detaljert og dekker ofte mindre områder, og kan fremmast av private aktørar, i motsetning til områdereguleringar. Det er fagkyndige som skal utarbeide detaljreguleringar. 

I løpet av planprosessen er det to høve der ein kan kome med fråsegn til ein reguleringsplan:
-Ved varsel om oppstart av planarbeid
-Ved offentleg ettersyn

Sjå varsel om oppstart eller offentleg utlegg for å gje fråsegn til planar. 

Sjå regjeringa sine nettsider for rettleiarar om planlegging etter plan- og bygningslova og meir. 

Artikkelliste