Helsestasjonstjenesta har rutiner for å følge barn frå fødsel til skulepliktig alder. Tenesta skal bidra til å styrkje barn og unge si eiga mestring og vaksne si mestring av foreldrerolla. Tenesta tilbyr mellom anna råd, veiledning, helsesjekk og vaksinasjonar.
Helsestasjonen har som målseting å vere ein positivt stad for barn og deira føresette.
På enkeltkonsultasjonane møter du både helsesjukepleiar og evt. helsestasjonslege. På gruppene samler vi 2-6 føresette som har barn på same alder. Tenesta skal gje tilbod til barn og unge i alderen 0–20 år, gravide og føresatte.
Helsestasjonen skal ha rutiner for samarbeid med helsestasjonslege, fastlege og med andre kommunale teneste og med spesialisthelsetenesta. Alle barn og unge har rett til helsekontroll.
Føresette plikter å bidra til at barnet deltek i helsekontrollar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt tid, gje beskjed. Tilbodet er gratis.
Vennligst ikkje møt på helsestasjonen med sjukt barn.
Oversikt - Helsesjukepleiarane til stades på skulane: